Hjem / Kurs / Kurskatalogen  

Klikk for norsk tekst Click for english text
Rødt ikonMine kurs
Brukernavn Passord Glemt passord?
RKK-logo
Spørsmål om kurs?
Kontakt oss på
51 51 67 37

Biologi 1 spes. studiekompetanse

Kurskode: REA3001
Opptakskrav:

Varighet: Ett skoleår
Moduler:

Kort beskrivelse:

  

Hovudområde

  

Biologi 1 erstattar faget 2BI og har følgjande hovudområde:

 

Den unge biologen

Hovudområdet handlar om å bruke biologifaglege arbeidsmåtar i økologisk feltarbeid og i undersøkingar og forsøk i laboratoriet. Vidare dreiar hovudområdet seg om arbeid med ulike miljøutfordringar, og om vurdering av informasjon i media. Etiske sider ved problemstillingane inngår òg.

 

Cellebiologi

Hovudområdet handlar om den indre bygnaden i eukaryote celler, korleis dei ulike delane fungerer, og transport av stoff ut og inn av celler. Området omfattar i tillegg oppbygginga og formeiringa til bakteriar og virus.

 

Fysiologien til mennesket

Hovudområdet handlar om ulike typar vev, organ og organsystem og korleis dei fungerer. Samspelet mellom ulike prosessar i kroppen og reguleringa av prosessane blir òg behandla. Hovudområdet tek i tillegg opp immunforsvaret i kroppen og problemstillingar som gjeld organdonasjon.

 

Funksjon og tilpassing

Hovudområdet handlar om at utviklinga av livet på jorda har ført til eit mangfald av organismar som viser mange former for tilpassing til ulike levevilkår. Utvalde trekk frå både bygnad, funksjonar, formeiring og åtferd hos organismar blir sette i samanheng med denne utviklinga.

 

Biologisk mangfald

Hovudområdet handlar om det biologiske mangfaldet lokalt og globalt og om at trugsmål mot mangfaldet er ei av dei store utfordringane menneska står overfor. Klassifisering av artar og verdien av variasjon innanfor og mellom populasjonar er ein del av hovudområdet, i tillegg til samanhengen mellom mangfald, habitat og nisjar.

 

(Utdrag frå læreplanen)

 

Når ein er ferdig med Biolog 1, kan ein eventuelt halda fram med Biologi 2 (3BI)

 

Tekniske krav:

Vurdering:

Veil. pris: 8900.- NOK

Aktuelle kurstilbud        
Startdato Klikk skole for mer info Påmeldingsfrist Kontaktperson Påmelding    
Ingen kursdato fastsatt. Kontakt oss på tlf. 51 51 67 37 dersom du ønsker tilbud.

Kurset tilbys ved følgende skoler
Stavanger Katedralskole